Ein laurdagskveld då eg framleis var ganske ny som student i Oslo, møtte eg ein gjeng vener frå heimstaden min på Sunnmøre. Dei stod utanfor Storsalen i Oslo, ein kyrkjelyd mange unge med konservativ kristen bakgrunn søkjer seg til. Sjølv kom eg rett frå besøk hos nye vener frå Blindern, og ein av kameratane mine merka at eg var nokre hakk livlegare enn vanleg: «Sei meg, har du drukke, eller?» Då eg lattermild vedgjekk at eg hadde smakt mitt første glas likør, sette han auga i meg og sa med stor kraft: «Merete, no skjerpar du deg!» Han kunne like godt ha sagt «Du burde skamme deg!», for det var slik det kjendest: Eg hadde brote ei av dei sterke normene i miljøet eg kom frå og dermed skjemt meg ut.
Normer: Av og til er det naudsynt å snakke med mora si om sex.