Alle vil tena på at rekrutteringa av nye overgriparar blir stansa.

Smerte­pro­duksjon

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Eg ser laurdagsrevyen, som viser opptak frå eit overvakingskamera der ein oslomann ligg medvitslaus i butikken sin mens ranaren held fram med å sparka han. Eg les avisa, der ein miljøarbeidar i ein barnevernsinstitusjon skriv at ingen har tid til å registrera kvar einaste drapstrussel, eller ringa til politiet når dei blir sparka i kroppen, slegne i hovudet og spytta i ansiktet. Og i forbibladande streifar auga mine ein reklame for ei bok som er så god at ho er som eit knyttneveslag.

Solveigs salt