Eit samrøystes Storting vedtok å leggje om til kjønnsnøytrale stillingstitlar. Rådmann vart kommunedirektør, fylkesmann statsforvaltar, sysselmannen sysselmeister, og lensmann vert noko som liknar på politistasjonssjef. Dei to leiande populistpartia, Senterpartiet og Framstegspartiet, har fyrt seg opp over at ein no kuttar ein 900 år gamal tittel. Så kan ein innevende at ein lensmann no berre er ein politisjef. Av alle dei 900 år gamle lensmannsoppgåvene er det vel berre namsma… eg meiner «innkrevjaren», att.