Ein viss del av menneskeætta, la oss kalle dei kvite menn, har ikkje så enkelt for å halde kjeft. Krondømet på dette er så klart Trond Giske, som har stilt til alle ledige verv i Trøndelag Ap som har dukka opp etter han måtte gå av som nestleiar i partiet. Han er sjølvsagt eit fritt menneske med sine eigne, sjølvstendige tankar, kjensler og meiningar, men det er lov å halde kjeft likevel.