… at Det Danske Akademi har fått ny samansetting, etter at fire medlemmar trakk seg i protest mot eit femte i fjor. Olga Ravn, Naja Marie Aidt, Harald Voetmann og Cecilie Eken trør inn i det prominente og litt samarbeidsuvillige fellesskapet. Sekretær Lasse Horne Kjældgaard er glad for å ha fått «yngre generationer» inn, og framhevar i Politiken at ein barnebokforfattar tek plass for første gong.