«Pjokken i flokken» er det siste tilskotet til ein identitetslaus barnekultur.

Varulv­pu­bertet

PÅ TVERS AV KLANAR: Gatehunden Batty og den privilegerte, men utstøytte varulv-puddelen Freddy må slå seg saman for å visa at det er dei indre kvalitetane som tel. FOTO: SELMER MEDIA

Småguten Freddy kan knapt venta på å koma i puberteten. Det er han jo ikkje åleine om, men den kroppslege forvandlinga Freddy skal gjennom er av dei meir dramatiske. Han er nemleg yngste arving i det som ser ut til å vera eit fornemt varulvdynasti, og i det han kjem i tenåra, får Freddy den barske ulvehamen som kler resten av familien på fullmånenetter. Diverre har Freddy klart å ergra på seg «måneåndene», som avgjer utsjånaden på ulvehamen, så når den store dagen kjem blir han forvandla til ein kvit puddel. Som ikkje det var audmjuking nok, er hundar det varulvane foraktar mest. Ei forakt Freddys onkel og sleske «tronpretendent», Brynjulv, nyttar mot nevøen for å manøvrera seg i posisjon til å bli ny høghylar (alfahann).

Kultur