Revansjen

  • For nokre veker sidan var TV 2-programleiar Linn Wiik i hardt vêr etter at ho skreiv eit skråblikk på tv2.no. Ho skildra korleis vi har gått til å leve i eit diktatur under koronapandemien og at Erna Solberg er den mest kjende diktatoren i nyare norsk historie. Kven dei andre diktatorane i nyare norsk historie er, gjekk ho ikkje inn på. Skråblikket gjekk sigersgangen på internett, og det koka godt i sosiale medium nokre dagar. Wiik har sjølv teke kritikk og TV 2 har endra innlegget ved å leggje ordet «diktatur» i klammer, leggje inn modererande avsnitt og nyanserer nokre formuleringar. Retteloggen er like lang som kommentaren.

Dagboka