Det har blitt ein del av allmennkunnskapen at mennesket er utvikla for livet i steinalderen. Grunnen til at me har så lyst på feit og søt mat, er at omstreifande jeger- og samlarfolk berre hadde godt av det. Den verdskjende populærvitskapsforfattaren Steven Pinker, og mange med han, reknar dessutan med at steinaldermenneska var rå og brutale, og grunngjev det med at femten prosent av skjeletta i arkeologiske utgravingar har spor etter valdeleg død. Sånn er det òg hos dei som lever som jegerar og samlarar i vår tid, seier Pinker, men heldigvis har sivilisasjonen teke kontroll over naturen.
Der ein før såg teikn på kannibalisme, ser ein no merke etter rovdyr.