Tiaren

  • Etter at den største fotballspelaren nokon gong, Diego Maradona, døydde sist veke, har han så klart vorte hylla i den eine og andre enden. På sundag spelte Napoli, klubben Maradona verkeleg vart stor i, sin første kamp etter dødsfallet. Spelarane stoppa i det tiande minuttet og klappa alle saman gjennom minuttet, før dei tok opp att kampen og spelte vidare. Det einaste problemet er at mosaikken på tribunen det minuttet var dataanimert og ikkje supporterskapt. Klubben spelte for høvet i spesiallaga drakter som hylla legenda over legendene. Trenar Andre Villas-Boas føreslo at alle klubbar fredar draktnummer ti.

Dagboka