Sakprosa er ein sjanger i sterk vekst, og blir stadig viktigare for forståinga og utviklinga av samfunnet. Sakprosabøker gjer grundig faktaformidling tilgjengeleg i ei tid der falske nyheiter og raske skifte dominerer. Innkjøpsordninga for sakprosa for vaksne har eit avgrensa budsjett og er uføreseieleg for både forfattarar, forlag og bibliotek. Mange sakprosabøker er dermed ikkje å finne i biblioteka, trass høg kvalitet og relevans. Lesarane og det norske samfunnet går glipp av den verdien desse bøkene hadde tilført om dei var tilgjengelege for alle over heile landet.
Eit litteraturpolitisk kinderegg for sakprosa
DebattSakprosaArne Vestbø, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Vidar Lund, styreleiar i Norsk Biblioteklederforening, Trond Vernegg (tekst), formann i Riksmålsforbundet, Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum og Heidi Austlid, administrerende direktør i Forleggerforeningen