Barnefilmfredag

Svakt fullført

Ein fin spesialeffekt kan ikkje erstatta heile filmforteljinga.

JULEGJEST I KJELLAREN: Sara (Isha Zainab Khan) presenterer Mortimer (Iver Aunbu Sandemose) for draken. FOTO: NORDISK FILM DISTRIBUSJON JULEGJEST I KJELLAREN: Sara (Isha Zainab Khan) presenterer Mortimer (Iver Aunbu Sandemose) for draken. FOTO: NORDISK FILM DISTRIBUSJON

(Noreg, 2020)

Regi: Katarina Launing.

Manus: Lars Gudmestad, Harald Rosenløw-Eeg.

Med: Iver Aunbu Sandemose, Isha Zainab Khan, Anders Baasmo, Kyrre Haugen Sydness, Solveig Kloppen.

Lengde: 1 t. 22 min.

Aldersgrense: 6 år.

Om det er noko mange foreldre og barn kunne tenkt seg på tampen av eit rart og slitsamt år, er det ein god, norsk familiejulefilm. «Dragevokterens jul» verkar lovande: Like oppunder jul i den hendingslause småbyen Kjedly møtest to einsame elleveåringar, den mislukka Youtube-stjerna Mortimer (Iver Aunbu Sandemose) og «innbrotstjuven» Sara (Isha Zainab Khan), som tilsynelatande er på flukt frå politiet. Mortimer (sonen til rektor) har falle gjennom alle skolens venenettverk, og Sara har ramla utanfor heile samfunnsfellesskapen, men no finn dei to kvarandre gjennom å hjelpa ein skapning som verkeleg er frå eit framand univers. Ein drake frå det varme indre i Kjedlys djupe og for lengst stengde gruver.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Kulturtirsdag

Også signaturer med profes­sor­tittel og sepa­rat­ut­stilling på Nasjo­nal­mu­seet bak seg kan dukke opp i bitte små kunst­ner­drevne gallerier.

Film

Doku­men­tar­filmen «Naza» hylles verden over. Men svensk kritiker tror antise­mitter gleder seg til å bruke den i propa­gan­daen sin.

Medier

Dårlig nytt for avisa: Fortviler over regje­ringens endringer