Det mangetydige framsidebiletet er eit elegant stunt.

Dress og skjørt

OMSTRIDT: Omslaget på Hadia Tajiks nye bok.

Hadja Tajik gav nyleg ut ei bok med seg sjølv på omslaget, kledd i bukse og jakke av sjøgrøn fløyel, blondetopp og stiletthælar. Det fekk fakultetsdirektør for utdanningsvitskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger, Karoline Holmboe Høibo, til å utføra ein biletanalyse i Stavanger Aftenblad. Ho meiner at den unge arbeidarpartipolitikaren ser ut som ho er «på veg heim frå glamourfest.» Omslaget speler på dei same verkemidla som «50 Shades of Grey», og øydelegg inntrykket av seriøs sakprosa. «Å halde den politiske diskursen sakleg og anstendig handlar også om portretta vi vel å bruke.»

Solveigs salt