Anmeldelse

Provisoriske paradis

Einsam eksistens: Frode Gryttens nye noveller er stemningsfulle, men manglar sting.

Frode Grytten

Garasjeland

Noveller

Forlaget Oktober 2020, 160 sider

Frode Gryttens nye bok har namn etter ein The Clash-song, og det gir ein peikepinn om at Grytten ikkje har gitt novelleuniverset sitt nokon total makeover i årets samling. Etter seiande var ‘Garageland’ låtskrivar Joe Strummers svar til ein musikkritikar som meinte The Clash var eit garasjeband som burde ha blitt i garasjen: «We’re a garage band, oh / We come from Garageland, oh». Kanskje gir tittelen hint om at Grytten framleis vil vere der han har vore, halde seg til greia si og skildre einsame eksistensar, skrantande parforhold og forlatne eller framandgjorte stadar. Det er likevel noko litt nytt i desse novellene. Garasjeland er først og fremst ein faktisk stad i denne boka – ein oppdikta forstad med kvasse fortauskantar og smale gater, der einsame menn «kjører smilande gjennom elden». Det er eit «provisorisk paradis» der menn trekk seg tilbake frå ei verd som brenn, men er slett ikkje noko lukkeland: Politiradioane skurrar og sirenene surrar, bussane har slutta å gå og både kjærleiken og maskuliniteten har tronge kår.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Bokmagasinet

Kommentar

Om da Mummi­trollet finner et pent sted i skogen – men dessverre oppdager at det bor noen der fra før.

Intervju

Jan Erik Vold er både journalist og dikter, sier han. Nå, etter 20 år, legger han ned Voldposten – kanskje.

Kommentar

«Alle» skal gi ut bok. Men noen må faktisk skrive dem.