Kvart på tolv førre fredagskveld plinga eit spørsmål inn austfrå: Er kompliment hankjønn eller inkjekjønn? Svaret var lett å gje, spørjaren fekk det neste morgon: hankjønn. Og det er lett å skjøna at spørsmålet kan verta fredagstema, sidan ein del òg kjenner komplement. For dét ordet er inkjekjønn.
Er du privilegert, kan du få ein privat kompliment på ein fredagskveld.