Tidleg i «Heroin Chic», Maria Kjos Fonn sin andre roman, sitt forteljaren Elise ved kjøkkenbordet og fiklar med ei sprøyte. Ho har vore rusfri i ni månader, har skaffa seg sambuar og studieplass på Musikkhøgskulen, men på eit nettforum har ho lest at det å sette skot med reint saltvatn fungere som ein slags «mild forløsning». Ho går gjennom heile rutina, brenn ein lighter under skeia, ser for seg at det er dopet som koker, strammar eit belte rundt armen, stikk inn nåla. «Og så gråter jeg. Jeg sitter ved kjøkkenbordet og griner. Det er så fjernt, det var så jævlig. Og det er så nærme, det var så godt.»
Rus: Maria Kjos Fonn skriv hjarteskjerande om misbruk, men set det ikkje i ein større samanheng.