Filmen om «Husnissene» ser god ut, men han smakar tamt.

Søt filmbakst

HANDVERKSNISSAR: Elfrid (med den norske røysta til Siri Nilsen) vil læra konditorfaget, og samstundes hjelpa ein bakar som er ut­konkurrert av masseprodusert fabrikk-bakst. FOTO: STORYTELLING MEDIA

Med sin nye animasjonsfilm «Husnissene – Operasjon bakverk» vil regissør Ute von Münchow-Pohl innvia ein ny generasjon barn i tysk folketru og gamle eventyr. Konkret byggjer filmen på stadspesifikke forteljingar om det hjelpsame og nevenyttige småfolket (heinzelmännchen), som kvar natt gjorde unna arbeidet for sovande borgarar i Köln. Sjølvsagt kunne ikkje menneska nøya seg med å ta i mot hjelp, dei måtte sjå hjelparane også. Då forsvann husnissane, og folk sat att med arbeidet åleine.

Kultur