DebattHøgrestyreIngrid Heggø, stortingsrepresentant Ap
Billegare å vere milliardær, dyrare å bli sjuk. Full gass vidare mot privatisering av helsevesenet. Sveltefôring av kommunane. Regjeringa sitt statsbudsjett var eit påfallande dårleg svar på landet sine utfordringar, med aukande forskjellar mellom høg og låg, by og land, aukande frykt for eit A- og B-helsevesen og kommunar som må kutte i bemanning og velferdstenester.