Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Større forskjell på Ap og Høgre

PÅ OVERTID: Åtte år med høgrestyre har vore for mykje. Tolv kan gjere uboteleg skade, skriv Ingrid Heggø. Her Ap-leder Jonas Gahr Støre og statsminister Erna Solberg.FOTO: Christopher Olssøn Christopher Olssøn

Billegare å vere milliardær, dyrare å bli sjuk. Full gass vidare mot privatisering av helsevesenet. Sveltefôring av kommunane. Regjeringa sitt statsbudsjett var eit påfallande dårleg svar på landet sine utfordringar, med aukande forskjellar mellom høg og låg, by og land, aukande frykt for eit A- og B-helsevesen og kommunar som må kutte i bemanning og velferdstenester.