Dagboka

Helsinga

  • For nokre år sidan reiste eg til Nagorno-Karabakh, fjellområdet armenarane og aserbajdsjanarane no krigar om, i det som kan utvikle seg til ein djupt tragisk krig for begge sider. Då eg var der i 2015, var det roleg, men berre året etter døydde over 100 soldatar på begge sider. Karabakh er i Aserbajdsjan, men etter krigen på 1990-talet slutta, var alle aserbajdsjanarane jaga vekk. No er det styrt som ein sjølvstendig republikk, anerkjent av berre Armenia og nokre andre utbrytarrepublikkar. Sjølv om krigen er over for 26 år sidan, ligg det gamle tanksar i grøftekantane og det er 26 år gamle hòl i asfalten, der det er asfalt.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Skynet

Hvor mange har vel ikke sammenliknet det pågående bukkerittet i de store KI-selskapene med Terminator-filmserien? Det er tross alt noen likheter. Kjapt om plottet (i filmen, ikke virkeligheten):Militæret i USA skaper et forsvarssystem, Skynet, for å automatisere forsvarskapasiteten. Målet er et autonomt system som tar avgjørelser uten menneskelig innblanding. Og så: KI-systemet får kontroll over hele forsvarsapparatet, blir selvbevisst, og ser menneskeheten som en trussel som må utryddes. I den virkeligheten vi har i dag, er det muligens tidsreisingen i filmene som framstår mest urealistisk. Skynet sender en drapsmaskin tilbake i tid for å ta livet av en ung John Connor, som seinere blir leder for (den menneskelige) motstandsbevegelsen. I film to er det Robert Patrick som gestalter T-1000, en skremmende androide på drapstokt. Og nå nærmer jeg meg poenget. Uten at jeg klarer å sette fingeren på nøyaktig hvorfor, så framstår Patrick mer skummel i et intervju fra 2017, enn i filmen fra 1991.

Merito­krati

Då den flamske diplomaten Ogier Ghiselin de Busbecq vitja det osmanske riket på 1500-talet, vart han fascinert av kor godt sultanen hadde lukkast med å skape eit system der folk fekk toppstillingar i staten fordi dei var flinke. Heime hjå habsburgarane var det slekta di som avgjorde kor langt du kunne nå. I det osmanske riket kunne sonen til ein gjetar få ei toppstilling i administrasjonen, om han var flink nok. Det var truleg eit klokt instinkt. Den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama skriv at det er mykje betre for eit samfunn å basere seg på meritokrati, enn på at posisjonar og makt går i arv. Likevel vil alle meritokratiske system innebere ein konstant kamp for å unngå å forvitre, seier Fukuyama. Vi menneske stolar nemleg meir på familie og vener enn vi gjer på framandfolk. No meiner Fukuyama at det er i ferd med å skje i heimlandet hans USA.

Bergen

Vi e’kje frå Norge, Vi e’frå Bergen. Bergens Tidende kunne torsdag kveld melda at to bergensarar var på veg inn i regjeringa. Regjeringsrokaden blei det første oppdraget for den nye kongen. Det er mange omsyn å ta i ein regjeringskabal: Kjønn, bakgrunn, utdanning – og sjølvsagt geografi. Det har lenge vore ei misnøye med det svake vestlandsavtrykket i Støre-regjeringa. I fjor kunne Bergensavisen etter ei oppteljing, fortelja at av dei 69 statsrådane og statssekretærane i Støres mannskap, var halvparten frå Austlandet. Frå Bergen har til no kulturminister Lubna Jaffery sete aleine som statsråd.