DebattHistorie

Djupt oppgjer i aust?

Kjartan Fløgstad skriv i Bokmagasinet laurdag 26. september, basert på ei bok av Susan Neiman, om det tyske oppgjeret med nazismen. Dersom det er slik at det var i aust at det mest omfattande oppgjeret fann stad, slik Fløgstad hevdar at Neiman skriv, bør det då ikkje vise i notida? Til dømes ved val? Dersom eit slikt oppgjer gjekk djupt i folket, bør det ikkje då også vise gjennom kva for haldningar folk har i dag, sjølv tretti år etter gjenforeininga?

AFD I AUST: Valresultat til Europa­parlamentet 2019. FAKSIMILE FRÅ DER SPIEGEL

«Dei var på ein måte reinsa og steig opp i ein ny stat som kollektivt uskuldige.»

Skal ein døme etter valet til Europaparlamentet frå i fjor, er det ikkje grunn til å tru at oppgjeret stakk særleg djupt i aust. Kartet (sjå bilet) er frå Der Spiegel, der dei nyttar tal frå Bundeswahlleiter. Dei blå felta viser områda der det høgreradikale Alternative für Deutschland fekk flest røyster. Det er utan tvil i aust. I eit område – Sächsische Schweiz-Osterzgebirge – fekk partiet 32,9 prosent av røystene.

Kan det vere noko i det mange skriv om frå aust, nemleg at oppgjeret med nazismen (heller ikkje) i DDR gjekk på historia til kvar enkelt eller haldningane til kvar enkelt eller kva ein totalitær stat gjer med menneska, men var eit oppgjer med nazistaten. Og sidan DDR var ein ny, kommunistisk stat, var dei på ein måte i utgangspunktet ikkje skuldige og kunne avblåse eit oppgjer på individnivå – og for den del på eit institusjonelt nivå. Dei var på ein måte reinsa og steig opp i ein ny stat som kollektivt uskuldige. Slikt vert det ikkje eit reelt oppgjer av.

Elles kan eindiskutere kor mange generasjonar eit slikt oppgjer skal vare, og i kor mange generasjonar ein skal bli påført skuld. Det som er viktig, er vel helst at ein får historia formidla på grundig vis, at ein vert oppseda i demokrati, øvd opp i demokratiske verdiar og deltek i demokratiet som aktive borgarar.