Nederlag: Åste Dokka yter motstand til lukkejaget i den norske mellomklassa. Men er vi verkeleg så blinde for motgang?

Ufullkomne liv

SKARP: Åste Dokka friskar opp litt avleggse omgrep som synd og kall i si første bok. FOTO: DAN AKSEL JACOBSEN

I «Leve vanskeligere» skriv teolog Åste Dokka om tru og tankeliv i norsk mellomklasse, og vedgår at problema der, ikkje er «særlig imponerende som problemer». Men små problem heng saman med store, og Dokka meiner det er verdt å utforske kvifor vi blir så forvirra og foruretta når nederlaga nødvendigvis melder seg i liv som er så breiddfulle av forventingar. Den polemiske tittelen på boka blir skjerpa med eit innleiande sitat frå Søren Kierkegaard, som sluttar slik: «af sand Interesse for dem, som gjøre Alt let, fattede jeg da det som min Opgave: overalt at gjøre Vanskeligheder».

Bokmagasinet