15. sep.
Gutane Etter at Amrit Kaur gjekk av som leiar av Raud ungdom førre veke, er alle ungdomspartileiarane unge menn. Det fell saman med at folket akkurat har valt eit Storting der 12 av dei 169 representantane er menn i alderen 20 til 29 år. Til samanlikning finst det ikkje ei einaste kvinne over 65 på Stortinget, sjølv om det er ei større gruppe i folket enn menn under 30 år.
Når ein ser ungdomspartileiardebatten frå Arendalsuka i år, er det som om fjernsynsskjermen dirrar av maskulin energi. Dei er litt høglydte, men eg tykkjer dei er flinke og.
At vi må lytte til unge menn har vorte eit slags mantra i samfunnsdebatten, og no har vi ikkje noko anna val.
Førre gong alle ungdomspartileiarane var menn var i 1992. Då vart Trond Giske vald til leiar av AUF, og saman med Unge Høgre-leiar Jan Tore Sanner leia han an eit koppel av unge menn som, kledde i dressar med romsleg passform, skulle ta partia inn i den nye tida etter murens fall.
Eg er oppvaksen på nittitalet, men eg er ein stor motstandar av heile tiåret. Dette var ikkje berre perioden då ideologiane mista si kraft.
Aleksander Åsnes