Farfar hadde to brør, ein biologisk og ein som var adoptert.

Oldemor i marmor

TIDA: Fotografi forvandlar sorg og nag til marmor, skriv Aareskjold. Her ei kvinne i sort frå Kristiansund rundt 1890. Nordm;re Museum 2013

Det har lege strødd nokre gamle fotografi utover stovebordet ei vekes tid. Dei eldste er atelierfoto frå omkring 1890. Resten er litt av kvart frå tidleg nittenhundretal, mange utan folk i, eller dei arbeider med ryggen til. Planteskulen til oldefar har rekke på rekke av unge renningar i eit trebert jærlandskap. Sørenden av huset, som nyleg var erobra frå den altfor seigliva kårkallen, har blitt finstove med viktoriansk skrivebord i det eine hjørnet og trøorgel i det andre, med plysjkrakk og blomevasar og bilete av Beethoven og ekteparet Grieg.

Solveigs salt