Aleksander Åsnes 21. nov.
Milei I den nyaste utgåva av den populære podkasten til Lex Fridman har han eit to timar langt intervju med Argentinas president Javier Milei. Milei er ein økonomiprofessor som kallar seg sjølv anarko-kapitalist, og som er sterkt inspirert av det vi kallar den austerrikske skulen innan økonomi. Kjenneteikna ved den er mellom anna ein djup skepsis til sentralbankar, staten og styring av økonomien.
Milei er heilt uvanleg radikal i politikken sin, og difor er det interessant kor høg stjerne han har fått hjå folk som Donald Trump, Elon Musk og Lex Fridman. Han vil bryte staten ned på ein fundamental måte og la det private næringslivet bløme. No har jo Elon Musk fått i oppgåve av Trump å krympe den amerikanske staten, og difor er det litt ekstra interessant at dei er så fascinerte av den ekstreme Milei. Vi lever i rare tider, og eg har ei kjensle av at dette kanskje berre er byrjinga.
Argentina er uansett eit land prega av djupt vanstyre over lang tid.