I lang tid har det hengt ein stor plakat på husveggen. Med store bokstavar har det stått NOK ER NOK på huset som ligg eit steinkast unna europavegen mellom Bergen og Voss. No er plakaten vekke. Har plakateigaren resignert? Har han gitt opp fanesaka? Har han skifta meining?