Tre typar tåpeleg tøff i trynet

TAR DEN SPYGRØNE PILLA: Art, «the major» (Jamie Foxx) og Frank, «the cop» (Joseph Gordon-Levitt). FOTO: NETFLIX

Netflix har fått ros for å gje filmskaparar som Martin Scorsese og Alfonso Cuarón tid, kontroll og pengar til å realisera sine auteur-prosjekt. Suksessen som (eit fåtal) slike filmar har gjeve, må ha gått til hovudet på Netflix-sjefane. I alle fall har selskapet fått folk med budsjettansvar som feilaktig trur at dei også har filmprodusent-teft. Villfaringa har resultert i «Bright» (2017), «Bird Box» (2018), «Triple Frontier» (2019) og no i 2020: «Project Power».

Film