Lite provoserer gamle, gretne gubbar som meg like mykje som russetida og fadderveka. Ein gjeng med attenåringar som lagar eit helvetes leven og lyser av livsglede. For noko drit. Her om dagen såg eg ein fyr sitjande på ein svær høgtalar oppå ein elsparkesykkel i full fart. Han gliste frå øyre til øyre. Det var like før eg slo han ned. De har heile resten av livet på å festa, de treng ikkje gjera alt ferdig på nokre veker våren og hausten som attenåringar.