Pernille Ekornrud Grøndal 30. jan.
Kamerat KI Heile verda ser på KI-en Deepseek. Heime blir ein annan KI stadig meir aktuell: Microsoft 365 Copilot. KI-en analyserer data frå appar som Teams og Sharepoint ved hjelp av store språkmodellar (LLM).
Er Copilot ein arbeidskompis eller ein «frenemy», som ei kontrollerande venninne du aldri veit kor du har? Sjølv meiner selskapet dei har laga «det mest kraftfulle produktivitetsverktøyet på planeten».
Nyleg la Datatilsynet fram ein rapport der dei har testa bruken av Copilot saman med Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU), på vegner av offentleg sektor.
Hovudfunnet er at verktøyet kan brukast så lenge verksemda har god kontroll på informasjonsteknologien, personvernet og risikoanalysane. Rapporten påpeiker likevel risikoen for at KI-en analyserer sensitive personopplysingar, som humør eller aktivitetsnivået til dei tilsette, ved å analysere data frå e-post eller møter.
På tek-miljøets yndlingsforum, Linkedin, går det heitt føre seg. Teknologioptimistar hevdar uvettig bruk frå verksemder som ikkje er teknologisk modne nok, er problemet, ikkje verktøyet i seg sjølv.
Andre peiker på ein nedkjølingseffekt. Korleis blir ytringsklimaet viss vi fryktar overvaking på arbeidsplassen? Kva om sjefen kan sjå og lytte til videosamtalar? Kan Copilot analysere ansiktsuttrykk på Teams?
Når skiljet mellom jobb og privatliv blir stadig meir grumsete, bør både styresmakter, arbeidsgjevarar og privatpersonar følgje nøye med.