Det nærmar seg studiestart for norske studentar. Nokre flyttar kanskje heimanfrå for første gong. Dei kan få seg eit sjokk. Med omkring 9000 kroner i studiestøtte i månaden skal du leve og bu. Over halvparten av dette går truleg til eit lite, slite og fuktig rom i eit kollektiv. Resten skal dekke mat, transport, fritidsaktivitetar og ei pils i ny og ned.