Først rasa sosiale medium mot Sanna Sarromaa fordi ho skreiv noko om at det ikkje er så kjekt å reise på tur i Noreg. Eg har ikkje lese det. Dagens Næringsliv kom med nokre halvrasistiske slengmerknadar om Hotell Ullensvang som fekk Emilie Stordalen til å rase. «Man kan henge opp så mange hardangerbunader i montre man bare vil, men når hotellopplevelsen ikke innfrir forventningene og det er litt for mange utenlandske servitører i norske folkedrakter, er ikke budskapet troverdig», skreiv DN, som dei seinare endra. Heller ikkje det fekk meg, som har som hobby å rase over ting eg les i avisa, til å koke.