Innsyn

  • Eg veit ikkje korleis det er for alle andre, sosiale medium er jo ekkokammer, men straumane mine har den siste månaden bobla over av frustrasjon fordi regjeringa ikkje opnar for breiddefotball. Toppfotballen for menn og kvinner er opna under visse vilkår. Noregs fotballforbund (NFF) har ein protokoll med reglar klubbar og spelarar må følgje. Nokre breiddelag har byrja å trene utan lov, og forbundet fryktar fleire uorganiserte treningar. Sjukt at dette er noko vi fryktar, men la gå. John Arne Riise gjekk jamvel ut og oppmoda til å bryte einmetersregelen.

Dagboka