Kultur
Noreg er eit egalitært samfunn, og det er bra. Du kan møte finansministeren på butikken eller i marka, og den politiske diskusjonen foregår stort sett på eit språk som folk kan forstå. I Italia vil ikkje folk på universitetet ta deg på alvor om du pratar på dialekt, og i Frankrike og Storbritannia går politiske verv i arv i aristokratiske familiar. Slik er det ikkje hjå oss.
Men ein dum ting med det egalitære samfunnet vårt er at det er veldig populært å snobbe seg sjølv ned. I staden for å skryte av kor mange bøkjer du har lese, er det like vanleg å fortelje at du nesten ikkje har tid til å lese. Nyleg kunne vi høyre frå ein ung forfattar på «Dagsnytt 18» at mange unge opplever «leseskam» fordi bøkjene dei les, ikkje er gode og avanserte nok.
Det er ikkje eit mål at ingen skal skamme seg.
Aleksander Åsnes