DebattArbeidslivMagnhild Folkvord, Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen
Takk til Bjergene og Hagen for innlegg om grøne tariffar og sekstimarsdag i Klassekampen 30. juni. Her finn vi ei meir optimistisk haldning til sekstimarsdagen enn i boka «Grønne tariffar». Men vi finn ikkje svar på våre spørsmål om dels forvirrande, dels feilaktige påstandar, som til dømes at fagforbund skal ha stilt krav om sekstimarsdag med «delvis lønnskompensasjon».