DebattOffentleg og privat sektorTrond Sundby, Sogn og Fjordane
Hei, Stein! Eg meiner å huske at du ein gong styrte med natur og miljø i Miljøverndepartementet for Ap? Etter å ha lest intervjuet med deg i Klassekampen 11. juni, så må du ha gjort ei lang ideologisk reise, sjølv om Ap også har vist seg som eit parti med sentraliseringsideologi og høgredreiing dei siste 30 åra. Og ja, høg produktivitet i dei eksportretta næringane er viktig og etter mine opplysningar har Noreg vore blant dei beste.