Det siste ølmonopolet i Noreg forsvann då dei stengde dørene i Fauske hausten 2012. Tidlegare på året lét Førde ølet flyte fritt i gatene og stengde sitt. Då hadde det vorte færre og færre ølmonopol i landet. Etter 2005 var det berre seks att, fram til dei siste altså stengde i 2012. Det var eit dramatisk kommunestyremøte i Førde for åtte år sidan. Alle venta at dei skulle halde fram med ølpolet, men ein frå SV skifta meining i møtet og gav fleirtal for å leggje ned. Samstundes innførte dei nokre reglar. Ølsalet i Førde-butikkane er to timar kortare enn «vanleg» og butikkane må ha eigne skjerma rom der ølet står.