Hareides dobbeltspel

I dag skal Vestland fylkesting prioritere kva som er dei viktigaste samferdsleprosjekta dei neste tolv åra. Høgre og Frp meiner at Hordfast-prosjektet i Sunnhordland, med firefeltsveg, fartsgrense på 110 kilometer i timen, dramatiske natur- og miljøinngrep og ei gigantbru over Bjørnefjorden, er viktigast. Fleirtalet vil prioritere liv, helse og trafikktryggleik først. Det gjeld både ulukkesvegen Arna–Voss (E16) og svært mange andre ras- og trafikkfarlege strekningar i heile det nye storfylket.

Debatt