Anmeldelse

Sjarmprosa

Kreativt: Hilde Østby har levert velkomponert og særs underhaldande populærvitskap.

Hilde Østby

Kreativitet. Hjernevitenskapen bak ideene og hvorfor dagdrømmerne skal redde verden.

Litteratur

Cappelen Damm 2020, 304 sider

Den som skriv om kreativitet kjenner nok på eit visst press til å demonstrere evna sjølv. Hilde Østby er på trygg grunn, språket hennar er utprega litterært og leikande alt frå første setning: «Så møtte jeg veggen, bokstavelig talt.» Det er ei klassisk in medias res-opning, der forfattaren hoppar (eller, syklar) rett inn i handlinga. Starten blir pirrande paradoksal når den så fortel om full stopp: Ho kolliderte i ei steinbru og fekk hjernen så skaka at den fungerte annleis etterpå – ho vart meir kreativ enn før! Eg kan knapt tenkje meg eit betre utgangspunkt for ei bok om hjerneforsking og kreativitet, og Østby får maksimalt ut av si personlege historie.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Bokmagasinet

Blad, blad, blad

Hva rører seg i rørsla?

Intervju

Erlend O. Nødtvedt har brukt ei reinare romanform for å drama­ti­sere klasse­kam­pen i Bergen anno 1920. Ikkje eingong Lilli Bendriss har fått plass.

Nordisk råd

Når tårene brenner bak øyelokkene og hårene reiser seg på armene, da vet du at det er poesi.