Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kreativt: Hilde Østby har levert velkomponert og særs underhaldande populærvitskap.

Sjarmprosa

Den som skriv om kreativitet kjenner nok på eit visst press til å demonstrere evna sjølv. Hilde Østby er på trygg grunn, språket hennar er utprega litterært og leikande alt frå første setning: «Så møtte jeg veggen, bokstavelig talt.» Det er ei klassisk in medias res-opning, der forfattaren hoppar (eller, syklar) rett inn i handlinga. Starten blir pirrande paradoksal når den så fortel om full stopp: Ho kolliderte i ei steinbru og fekk hjernen så skaka at den fungerte annleis etterpå – ho vart meir kreativ enn før! Eg kan knapt tenkje meg eit betre utgangspunkt for ei bok om hjerneforsking og kreativitet, og Østby får maksimalt ut av si personlege historie.