Etter ein fotballkamp mellom NSÍ Runavik og Víkingur Gøta, haika eg tilbake mot Tórshavn. Det er ein times tid med bil, men dei heldt på med ein undersjøisk tunnel som kjem til å knyta delar av Færøyane tettare saman, og turen frå Runavík vil ta om lag eit kvarter. Eg haika første stykket med dagleg leiar i Klaksvíkar, eit anna lag i toppen. Om Víkingur gav vekk poeng her, ville Klaksvíkar styrka sjansane sine til å ta seriemeisterskapen. Víkingur tok først leiinga 2–0, men det er som kjent ei utrygg leiing, og NSÍ vann kampen 4–2. Klaksvík leia altså serien, og han var i godt humør.