Klassekampen har 24. april eit innlegg under tittelen «Det hastar med havvind!» I innhald kunne innlegget vore skrive av Arbeidarpartiet, LO, NHO eller vindindustrien sin organisasjon Norwea. Men det er faktisk skrive av leiinga i Raudt, partiet som no set seg som mål å vere Noregs fremste industriparti, om naudsynt på kostnad av miljøet.