Aasmund Olavsson Vinje og Bjørnstjerne Bjørnson vart kjent då dei begge gjekk på Heltberg studentfabrikk i Osl… Kristiania. Der gjekk dei saman med Henrik Ibsen, Jonas Lie, Arne Garborg og alle andre på midten av 1800-talet som hadde tenkt å bli noko. Glad eg ikkje var norsklærar der. Dei framtidige nasjonalskaldane Vinje og Bjørnson fann raskt tonen og vart livslange vener, på godt og vondt og med ein noko rivaliserande tone.