Advokat og juss-sensor på Universitetet i Oslo, Olav Lærgreid, meiner juristar med innvandrarbakgrunn ikkje forstår juss godt nok. Dei slit både med å skrive godt og med å forstå djupna i jussen som fag, meiner han. På Facebook kallar han ordet «multikulturell» ein eufemisme for «åndsfattigdom, foreldrenes lave utdanningsnivå og derav følgende stokk konservative unge med bangla-dialekt, som nekter å fullt ut tilpasse seg samfunnet de lever i». Lægreid er trygderettsekspert og har ofte vore intervjua om Nav-skandalen.