Torsdag 10. januar 2019 hadde Arbeidarparti-representant i Askøy kommunestyre, Kurt Hæggernes, kome heim frå Spania, der han var på ferie saman med kona. Ho vart verande, for Hæggernes skulle tilbake nokre dagar seinare. Han var heime på Askøy i eitt ærend: Møte på ekstraordinært kommunestyremøte. Dei skulle vedta eigedomsskatt, ei sak som splitta kommunestyret på midten. 18 mot 17, og Hæggernes var usamd med eige parti. I lokalavisa Askøyværingen gjekk det spekulasjonar om møtet med vilje var sett til ein dag han var på ferie.