Frå eg var tolv år gamal har dansen vore ein av grunnpilarane i livet mitt. Først med nasegrus beundring av kva danselæraren kunne. Eg var med frå starten då Trysil-Knut dans- og spelmannslag vart stifta i 1973. Her fekk eg dansa halling og gamaldans, pols og rundom.