Kritisk

  • Den siste dagen før landet gjekk i påskedvale, sende fagforeininga mi, Norsk journalistlag, ut ein e-post der dei oppmoda medlemmane om å leggje eit filter der det stod «#takkfortilliten» på profilbileta sine på Facebook. Emneknaggen for å vise at journalistane følgjer med i tida, reknar eg med. Det er jo 2020. Bokstavane var henta frå avislogoar, slik at det ser mest ut som eit trusselbrev. Det er noko uklart for meg kva trugsmålet skulle symbolisere. Eg har den tvilsame æra av å kjenne ein del journalistar, så i påska har Facebook-straumen min vore full av den glade påskebodskapen «#takkfortilliten».

Dagboka