Edvard Hoem sin familiekrønike om slekta si på Nordmøre byrjar med romanen «Slåttekar i himmelen» (2014) om oldefaren Knut Hansen Nesje. Bøkene må seiast å vere ei viktig brikke i arbeidet med å forstå og dokumentere den storstilte utvandringa frå Noreg til Nord-Amerika. Vi kjem tett på det nære kvardagslivet og slitet, men møter også dei store kvalane, dei som handlar om trua og tvilen på skaparverket, så vel som trua på framtida og vegvala til komande generasjonar. Her på Hovudscena til Det Norske Teatret har dei 40 siste åra av livet til slåttekaren vorte komprimert til to timar med kvalitetsteater i Kristian Lykkeslet Strømskag si dramatisering.
Slåttekaren må innsjå at verda har gått framover, når Edvard Hoems familiekrønike kjem til scena.