Ingvild Haugland i Cappelen Damm Agency går mot en vår uten bokmesser.
– Frykt for koronasmitte har ført til at flere store bokmesser har blitt avlyst de siste ukene. Hvilke konsekvenser får det for dere?
Slåttekaren må innsjå at verda har gått framover, når Edvard Hoems familiekrønike kjem til scena.
Av: Edvard Hoem
Dramatisering: Kristian Lykkeslet Strømskag
Regissør: Bentein Baardson
Scenograf: Arne Nøst
Kostymedesignar: Ingrid Nylander
Lysdesignar: Torkel Skjærven
Videodesignar: Reidar Andreas Richardsen
Lyddesignar: Nils Wingerei
Dramaturg: Carl Morten Amundsen
Studiomusikarar: Ståle Sletner og Bjarne C. Gustavsen
Med: Jon Bleiklie Devik, Heidi Gjermundsen Broch, Andreas Koschinski Kvisgaard, Sara Fellmann, Bjørnar Lisether Teigen, Svein Roger Karlsen, Julie Støp Husby, Unn Vibeke Hol
Edvard Hoem sin familiekrønike om slekta si på Nordmøre byrjar med romanen «Slåttekar i himmelen» (2014) om oldefaren Knut Hansen Nesje. Bøkene må seiast å vere ei viktig brikke i arbeidet med å forstå og dokumentere den storstilte utvandringa frå Noreg til Nord-Amerika. Vi kjem tett på det nære kvardagslivet og slitet, men møter også dei store kvalane, dei som handlar om trua og tvilen på skaparverket, så vel som trua på framtida og vegvala til komande generasjonar. Her på Hovudscena til Det Norske Teatret har dei 40 siste åra av livet til slåttekaren vorte komprimert til to timar med kvalitetsteater i Kristian Lykkeslet Strømskag si dramatisering.