Fem vart til ein

4. mars skriv Silje Stavrum Norevik på baksida med overskrifta «Paris. Sandane». Ho sluttar slik: «Setje deg på den einaste kafeen i Sandane og lengte bort.» Forfattarar skal ha såkalla kunstnarisk fridom. Men ein tekst vert ikkje betre av at opplysningar er feil. Skribenten har vore i Paris, og Sandane er tydelegvis stusseleg ved samanlikning. Men på Sandane er det fem kafear. Den siste opnar i desse dagar og heiter Vaffleriet.

Debatt