Den rotnorske hijaben

MORALSK-RELIGIØST: Bruk av kueskautet. FOTO: VOSS FOLKEMUSEUM

Halling og hijab, har dei noko til felles? Eller representerer dei to kulturelle ytterpunkt i det mangfaldige Norge? Det eine urnorsk, det andre importert? Skal vi tru den nye SAS-reklama er all norsk kultur også importerte idear. Mange er ueinige, men kanskje har den motivert refleksjon over eigen kulturarv? I debatten rundt hijab har eg sett argument som at hijaben går imot norske, kristne verdiar. Men er det verkeleg slik? Eller kan vi seia at hijaben heng betre saman med norske, kristne verdiar enn hallingdansen? Hallingdansen min vart til dømes erklært uynskt av det lokale menigheitsrådet i 2018 for «usømmeleg kroppsføring».

Debatt