Vindkraft – kva er sakas kjerne?

Det er tid for å kome med ei avsløring: vindkraftmotstandarar representerer det breie lag av norsk folkesetnad. Motstandarane er vanlege menneske frå heile landet, med ulike yrke, utdanning, interesser og politiske referansar – ei stor og ueinsarta samling menneske. Fleirtalet er korkje klimafornektarar eller motstandarar av gode fornybare tiltak. Vindkraftkampen og klimahysterikampen er ikkje same kamp! Så kva handlar vindkraftmotstanden i røynda om? Jo, enkelt og greit: At ikkje alle stadar er eigna for vindindustri.

Debatt